14 Karat Gold Fill

Ved å bruke ein produksjonsteknikk som kombinerer høg trykk og varme, fuserer ein eit heilt lag av 14 Karat Gull samen med ein støttende metall. Siden gull er så godt som umulig å øydelegge, får ein eit permanent lag med gull på eit produkt som har den vakre utsjånaden til gull men til brøkdelen av prisen. 

 

Gold filled har ingen norsk substitutt navn, og må ikkje forveksles med vermeil,double eller forgylt, der gullet vil etterkvart slites av. Laget av gull i Gold Fill er til forskjell minst 50 gonger tjukkare, og ein kan for eksempel lodde produkt av gold fill. Gjer ein dette med vermeil, så smelte gullet av.

 

Allergi: Som oftest så tåler også dei som er hyper allergisk 14 karat Gold Fill så lenge dei tåler 14 karat Gull. Det har i nokre svært få tilfelle vore folk som har reagert på eit gold fill produkt, men problemet har i alle med unntak av to forsvunne etter å ha sendt det til meg eller forhandler for rensing eller utskiftning. Har du kjøpt eit produkt som du reagerer på, så er eg behjelpelig med å løse problemet- reingjere for å fjerne evt kjemikalie eller skifte del. Hjelp ikkje noko av desse tinga, så skifter vi ut gold fill til gull.

 

Stemplet: 14 karat Gold filled materiala kjem stempla 14 karat GF eller 14/20 frå produsent, eit kvalitetstegn på skikkelig og ekte produkt sidan det er strenge regla for stempling.